Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Agder - les mer.
Denne forskaren har fått fleire økonomistudentar til å bestå eksamen i matematikk
Ho står bak noko som kan gjere overgangen frå vidaregåande til universitet enklare.
– Universitetet ønskjer seg studentar med brei erfaring, så då må vi ta hand om dei når dei kjem med ulik kompetanse i matematikk, seier forskaren Ida Maria Landgärds-Tarvoll.(Foto: UiA)
Kurset
fungerer som ei bru mellom matematikken frå videregående og faget matematikk
for økonomar ved Handelshøgskulen på Universitetet i Agder.
– Det er mange tøffe utfordingar når du kjem frå eit klasserom med 30 elevar til eit auditorium med opp mot 300 studentar, seier Ida Maria Landgärds-Tarvoll.
Ho står bak kurset som har fått fleire økonomistudentar til å bestå eksamen.
Ho underviser i matematikk for økonomar og forskar på koreleis undervisning kan støtte studentar i overgangen frå skule til universitet. Tidlegare i år forsvarte ho doktorgraden sin om korleis ulike undervisningstiltak kan redusere fråfall og styrke læring.
– Overgangen er vanskeleg, men skuldast verken dårlege lærarar eller slappe elevar, seier forskaren.
Ulik bakgrunn i
matematikk fra vidaregåande
– Mange av studentane har
rett og slett ikkje hatt den typen matematikk som krevst i økonomifaget. Du kan
kome inn på økonomiutdanninga uansett kva for matematikk du har hatt på
vidaregåande, seier Landgärds-Tarvoll.
Studentane har anten hatt
praktisk eller teoretisk matte på vidaregåande.
Det gir eit sprik i kunnskapen
studentane har det første året i øknomiutdanninga.
Nettopp derfor har forskaren laga forkurset. Alle studentane skal få ei innføring i det
grunnleggjande som krevst for å lære matematikk for økonomar og lykkast med
eksamen.
Eit forkurs i matematikk for økonomar tettar kunnskapshol og gjer at fleire studentar lykkast med eksamen.(Foto: Shubham Sharan / Unsplash)
Argumenterer med
matematikk
Matematikken blir brukt
på ein annan måte i økonomifaget enn andre fag, mellom anna som ein vesentlig
del av økonomiske modelleringar.
– Vi skal ikkje bevise
tal, men analysere modellar og seie korleis grafar og tal vil sjå ut i
framtida. I økonomifaget er matematikk også ei form for argumentasjon, der vi
til dømes viser korleis eit utgangspunkt vil utvikle seg over tid gitt visse
forhold, seier Landgärds-Tarvoll.
Sjølvstendige studentar
Forkurset startar med
testar som viser kva studenten kan og ikkje kan. Deretter kan dei velje å
følgje heile kurset, eller berre dei delane dei treng å lære meir om.
Kurset varer i åtte veker
med 45 minutt undervisning og tre timar rettleiing kvar veke. Resten er
digitalt sjølvstudium.
Omkring 210 studentar deltek
på kurset.
Då forkurset vart
gjennomført første gong i 2018, fall strykprosenten i matematikk for økonomar frå 35
til 10 prosent.
Annonse
Dei siste åra har han halde seg rundt 8-11 prosent.
Forsking i praksis
Forkurset byggjer på forsking og erfaring frå
fleire år med undervisning.
– Det
spesielle med kurset er at det er nøye tilpassa behova til studentane. Det gir
dei innsikt i og ansvar for eiga læring gjennom digital sjølvtesting og
tydelege mål for faget, seier ho.
Landgärds-Tarvoll meiner resultata viser at det er
viktig å ta på alvor at studentar kjem med ulik bakgrunn.
– Studentane
er smarte og ønskjer å lære. Når dei får nok informasjon og sjølvstende, vel dei
å delta og engasjere seg, sier ho.
Læring
og fellesskap
Forkurset
har òg styrkt samhaldet mellom studentane.
– Vi har fått til ein god
og viktig sosial arena der ein finn venner å vere med både på studiet og i
fritida. Vi har studentar som har sagt at dei ville slutte på studiet, men som vart
verande på grunn av miljøet, seier Landgärds-Tarvoll.