Lærarutdanninga får ofte
kritikk for å vere for teoretisk. Mange studentar saknar meir opplæring i
korleis dei skal undervise i praksis når dei kjem ut i skulen.
Det får dei no på Universitetet i Agder (UiA) gjennom undervisinga til Amalie Sødal.
Ho forskar på undervisningsmetodar i matematikk, og tok nyleg doktorgrada med ei avhandling om undervisning i matematikk.
Ressursbank
– Alle lærarar utviklar etter kvart ein ressursbank for ulike fag dei underviser i. Med dette opplegget får studentane allereie frå dag éin som lærar med seg ei rekkje med ulike metodar for å lære elevane matte, seier Sødal.
Ressursbanken er ei samling med ulike oppgåver, aktivitetar, refleksjonar og tankar rundt læring og undervisning av matematikk.
I tillegg inneheld han tips om forskingslitteratur som gir praktiske råd om gode undervisningstimar.
– Ressursbanken skal hjelpe med overgangen frå student til lærar, frå eiga læring til å undervise og lære bort til andre, seier Sødal.
Eigarskap
til undervisninga
Forskaren har ikkje laga
éin ressursbank til alle studentane. Studentane har sjølv laga sine eigne
samlingar med ressursar – under rettleiing av Sødal.
Amalie Sødal underviser mattestudentar og legg vekt på å vise dei samanhengen mellom matteteori og undervisning.(Foto: UiA)
Ho seier det er nokså
nyttelaust å arve opplegg for undervisning frå andre.
– Du kan lære av andre og
late deg inspirere, men undervisninga vert best når du sjølv tenkjer gjennom
detaljar og heilskap frå botnen av. Slik får du eigarskap til undervisninga. Du
får stoffet under huda og vert tryggare når du underviser, seier ho.
Studentane har altså
sjølv bestemt kva som skal vere med i ressursbanken. Dei har sjølv formulert
korleis dei ulike opplegga for undervisning og læring kan brukast i skulen.
I
tillegg har dei skrive ned kva for teoriar og kjelder som byggjer opp under tiltaka.
– Ein ressursbank skal
ikkje berre vere ei samling med mange tips. Det skal vere personlege ressursar
som viser tilbake til lærarane og deira tankar om matematikk, seier Sødal.
Byggjer
bru mellom teori og praksis
Sødal arbeidde med sju studentar. Dei utvikla kvar sin ressursbank gjennom eitt
år.
Resultata viser at
ressursbanken kan byggje bru mellom teori og praksis og betre undervisninga.
Sødal trekkjer fram tre gevinstar ved å jobbe på denne måten:
Annonse
Sjølvinnsikt og sjølvtillit: Studentane oppdagar korleis dei sjølv tenkjer om undervisning i matematikk, korleis dei kan bruke det i praksis og vert tryggare i klasserommet.
Testing og justering: Ulike måtar å undervise på vert prøvd og justert undervegs når studentane er i praksis på ein skule.
Teori og praksis: Ressursbanken lærer studentane korleis dei kan bruke ulike teoriar til å støtte opp ulike metodar og aktivitetar i undervisninga.
Føler
seg profesjonelle
– Etter at studentane har
jobba med ressursbanken eit heilt år, sit dei att med ei kjensle av
profesjonalitet. Dei kjenner at dei beherskar feltet, og at dei har fått ein
nyttig bagasje og ei viss tyngde som mattelærar, seier Sødal.
Studentane sjølve har
formulert seg slik om ressursbanken:
Josefine: Eg skulle ønskje
dette vart introdusert tidlegare på lærarstudiet, då eg trur det er fleire gode
oppgåver eg har gløymt fordi det byrjar å bli ei stund sidan.
Henning: Eg kjenner meg litt
meir profesjonell med å ha den ressursbanken og litt meir klar til ulike
mattetimar som skulle kome.
Gustav: Eg liker korleis
det kjennest å ha ressursbanken. Eg liker at eg føler at oppgåvene eg vel er
gjennomtenkt, det gir ein kjensle av tryggleik og profesjonalitet.
Oda: Eg har vorte litt
betre rusta for det som ventar når ein byrjar å jobbe, at ein har nokon ess i
ermet.
Er ein
del av utdanninga
Ressursbanken er no ein
del av lektorutdanninga ved UiA. Sødal oppfordrar studentane til å lage eigne
undervisningsopplegg og notere erfaringar undervegs.
– Med ressursbanken får
lærarar ein tjuvstart, med ei god samling råd om å undervise i matematikk frå
første trinn til vidaregåande. Det er lettare å leggje til rette for god og
variert undervisning når du har brei kompetanse om matematikk og ulike måtar å
undervise på. Ein slik ressursbank kan gjere overgangen frå student til lærar
smidigare, seier Sødal.