Denne artikkelen er produsert og finansiert av Havforskningsinstituttet - les mer.
Dette var ein ørken: No veks frodig tare på kunstige rev
På rekordtid såg havforskarane resultat i sundet utanfor Hammerfest.
I vinter senka havforskarane ned kunstige rev i Melkøysundet utanfor Hammerfest.
Her, som langs store deler av den nordnorske kysten, er tareskogen beita ned.
I fleire tiår har kråkebollar knaska i seg kvar ein kvast, og nesten ingen ny tare rekk vekse til før han vert sett til livs.
No har forskarane dukka under overflata for å sjå om dei kunstige reva har bore frukter:
– Dei var dekte av frodig tare berre fire månadar etter at vi sette ned dei siste kunstige reva. Dette er rekordtid, seier havforskar Hans Kristian Strand.
Torskeyngel blant taren
Tareskogar er oppvekstområde og skjulestad for eit rikt dyreliv. Den produserar oksygen og lagrar karbon.
– Artar som vi også haustar av – som kysttorsk, sei og steinbit – har alle god nytte av tareskogen i løpet av livssyklusen, seier Strand.
Reva som er sette ut i Melkøysundet står på omtrent 20 meters djup, og strekker seg 10 til 15 meter oppover i vassøyla. Desse kombinerer teknologi med naturen eiga evne til å reparere seg sjølv.
– Tare vaks tett på alle dei utplasserte reva, og vi såg både torskeyngel og seiyngel i store mengdar rundt strukturane, seier havforskaren.
Dei vil no følgje utviklinga over tid, for å sjå om reva kan fungere som biologiske «hotspots» for både tare og fisk.
Restaurering av fjordane nyttar
I 2024 etterlyste Stortinget ein plan for korleis ein kan restaurere norsk tareskog langs kysten.
Eitt alternativ i nord har vore å bruke brent kalk for å fjerne kråkebollane som et opp skogen. Eit anna har vore å setje ut rovfiskar som steinbit, som et opp kråkebollane.
Andre metodar igjen er retta mot å styrke tareskogen. Den får for eksempel starthjelp til å vekse når forskarane legg ut småstein og grus med tareklaser på.
– Vi har vist at det er mogeleg å skape ein fullverdig tareskog på berre fire månadar, om reva vert sette ut på rett tidspunkt. Dette kan verte eit nytt verktøy for restaurering av fjordane våre, seier Strand.
Fikk du med deg disse sakene fra Havforskningsinstituttet?
-
Norsk østers har sluppet unna, men nå er parasitten oppdaget i Sverige
-
10 ting du ikke visste om sel
-
Sjøaure kan overføre farleg parasitt til oppdrettslaks. Kostnadane ved det siste utbrotet er rekna til rundt ein milliard kroner
-
Det kryr av liv i Oslofjorden – men det er mykje småfisk
-
Ny teknologi endrar fiske etter brisling
-
Laksesurrogati kan bidra til å bevare villaks