Denne artikkelen er produsert og finansiert av Havforskningsinstituttet - les mer.

«Superbakteriar» kan spreie seg frå Svalbard

– Funna er urovekkjande, seier forskar.

Forskar Nachiket Marathe syner fram ei sedimentprøve frå Adventfjorden.
Publisert

– Studien vår tyder på at det arktiske mikrobesamfunnet kan verte ei kjelde for framveksten av «superbakteriar», seier forskar Manish Prakash Victor. 

Victor forskar på mikrobiologi ved Havforskningsinstituttet.

Havforskarane har granska det ukjende mangfaldet på botnen av Adventfjorden på Svalbard. 

For å gjere det, har dei mellom anna undersøkt kva for DNA ein kan finne i miljøet med såkalla eDNA-sekvensering.

Resultatet er hundrevis av nye bakteriar og endå fleire antibiotikaresistente gen.

Forskarane Nachiket Marathe (til venstre) og Manish Paraksh Victor har også samanlikna resultata sine med tidlegare forsking frå andre forskarar som har studert ulike deler av Arktis, som permafrost og sjøvatn.

Hundrevis av nye bakteriar

– Vi visste at arktiske sediment truleg romma eit enormt mangfald av mikrobar som aldri har vorte skildra før, seier havforskar Nachiket Marathe. Han leier prosjektet som har gitt i dei ferske resultata. 

Mellom 75 og 95 prosent av all biomassen i havet, er mikrobar. Desse små organismane spelar ei viktig rolle. Det er desse som sørgjer for at næringsstoff vert resirkulerte. 

Men store deler av denne verda er skjult, ukjend og underforska. 

Havforskarane har samla inn sedimentprøver frå ni ulike stadar i Adventfjorden. Tilbake på laboratoriet har dei granska kva sedimenta skjuler – både kva mikrobar dei finn, men óg kva gen desse ber. 

– Vi undersøkte genomet til 644 bakteriar i prøvene. Av desse var over 97 prosent av dei nye bakteriar. Det seier noko om kor mykje uutforska mangfald vi har med å gjere, seier Marathe.

– Dette kan føre til nye innsikter om korleis antibiotikaresistens utviklar seg, seier Victor.

Menneskebakteriar i «urørte» Arktis 

Mikrobane på fjordbotnen bar også i seg utbreidd antibiotikaresistens. 

Forskarane fann 888 klinisk relevante antibiotikaresistente gen hos Svalbard-mikrobane. Klinisk relevante vil seie at dei kan påverke folkehelsa.

– Funna er urovekkjande, seier Marathe.

Nokre av desse gena er motstandsdyktige mot såkalla siste utveg-antibiotika som karbapenem, colistin, vankomycin, linezolid og tigesyklin.

Dette er antibiotika ein brukar når andre meir målretta medisinar er mislukka, og ikkje tek knekken på infeksjonen. 

– Det at vi finn desse antibiotikaresistente gena i mikrobesamfunnet, tyder på at det også er bakteriar frå menneske i Adventfjorden, seier Marathe. 

Det skuldast truleg at avløpsvatn vert sleppt ut i fjorden.

Studien gjev også grunnlag for framtidige studiar av forureining og påverknadane denne har på mikrobane i sedimenta i høgarktiske fjordar.

Arktis som antibiotikaresistent reservoar 

At desse antibiotikaresistente gena vert funne i miljøprøver er viktig. Det tyder nemleg på at resistens mot medisinsk viktige antibiotika eksisterer utanfor eit klinisk miljø. 

– Dette kan påverke kor effektive desse antibiotikuma er til å behandle infeksjonar i menneske. Funna våre viser at Arktis kan verte eit reservoar for antibiotikaresistens og potensielt bidra til den globale spreiinga av antibiotikaresistente sjukdomar, seier Marathe.

Klimaendringane kan óg spele inn. 

Forskarane er uroa for at varmare vatn og menneskeleg aktivitet – som å sleppe ut avløpsvatn i fjorden og aukande turisme – kan føre til at motstandsdyktige gen kan verte overførte til bakteriar som er sjukdomsframkallande.

– Dette kan føre til framveksten av «superbakteriar». Dei ber nye typar antibiotikaresistens som er vanskelege å behandle, seier Marathe.

Samstundes har forskarane funne 478 nye betalaktam-resistensgen, som høyrer til 217 nye bakteriefamiliar. Betalaktam er ei gruppe antibiotika som er rekna som særleg effektive mot bakterielle infeksjonar. 

Dei dobla databasen

Desse fann forskarane i prøver frå arktiske nisjer, inkludert i sedimentet, sjøvatn og permafrost. Dette tyder på at betalaktam-resistensgena er utbreidde og spreidde i arktiske miljø.

– Vi har nesten dobla talet bakteriefamiliar vi har i den globale databasen, seier Victor. 

Dette er ei enorm utviding av kunnskapen vi har av potensielle antibiotikaresistente mekanismar, legg forskaren til. 

– Dette kan føre til nye innsikter om korleis antibiotikaresistens utviklar seg, og potensielt bidra til å utvikle nye avbøtande tiltak for å motverke at resistens spreier seg, seier han. 

Referanse:

Manish Prakash Victor mfl.: Characterization of known and novel clinically important antibiotic resistance genes and novel microbes from wastewater-impacted high Arctic fjord sedimentsScience of The Total Environment, 2025. Doi.org/10.1016/j.scitotenv.20

Powered by Labrador CMS