Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norsk Utenrikspolitisk Institutt - les mer.
Slik kan Noreg og EU samarbeide innan mineral- og batterisektoren
Kva moglegheiter kan ein slik partnarskap by på? Ein ny rapport kjem med ti tilråingar.
Noreg og EU vil samarbeide innan mineral- og batterisektoren.
Men kva moglegheiter – og utfordringar – kan ein slik partnarskap by på?
Det analyserer seniorforskar Kacper Szulecki frå Norsk Utenrikspolitisk Institutt (NUPI) saman med tre tidlegare masterstudentar i ein fersk rapport.
Batteri i kjernen av EUs klimamål
Behovet for batteri vil auke drastisk i takt med at fleire og fleire sektorar blir elektrifiserte.
Den europeiske kommisjonen har ein ambisjon om å gjere kontinentet til ein leiar i det grøne skiftet. Likevel er EU framleis veldig avhengig av import av kritiske råstoff. Det er stoff som kobolt, litium og nikkel. Desse materiala blir i dag hovudsakleg produserte i asiatiske land med Kina i spissen.
EU har sett fart i arbeidet med å få meir tilgang på det som trengst til batteri frå europeiske land. Det er for å redusere risikoane knytte til avhengnad av utanlandske leverandørar.
– Noreg har nokre av desse kritiske ressursane på territoriet sitt. For dei er det difor ei moglegheit for å utvikle ein strategisk viktig og lønnsam gruveindustri. Det kan også auke nærværet deira på fleire viktige område i batteriverdikjeda, seier Kacper Szulecki.
Noreg som strategisk partnar
– Noreg er ein føretrekt partnar for EU som leverandør. Det er både av rein energi og kritiske mineral, slår Szulecki fast.
Noreg produserer til dømes nikkel, kobolt og grafitt. Desse stoffa blir brukt til å utvikle grøn teknologi, som batteri til elbilar.
Førekomstane av minerala i landet og ein veksande batteriindustri kan bidra mykje til å sikre viktige råmateriale til EU.
Likevel peikar rapporten på behovet for å forbetre både nasjonale og internasjonale reguleringar for å utnytte potensialet best mogleg.
EUs Rammeverk for forsyning av kritiske råvarer (CRMA) og Noregs Grønt industriløft er døme på tiltak som allereie er på plass. Men rapporten viser at Noreg må harmonisere reglane sine med EU for å få til eit betre samarbeid.
– Noreg er ikkje medlem av EU. Dei er heller ikkje alltid oppdatert i tråd med EUs regelverk. Dette kan føre til problem med å få tilgang til den europeiske marknaden, seier Szulecki.
Han fortel at også då EU forhandla fram ein post-Brexit-avtale med Storbritannia, hadde dette ein innverknad på den norske batteriindustrien. Grunnen var at Noreg i utgangspunktet vart behandla som ein «tredjepart».
– Det er viktig for Noreg å vere ein integrert del av EU-marknaden og ha full tilgang, seier forskaren.
Utfordringar og lokale konfliktar
Tre store gruveprosjekt i Noreg illustrerer kompleksiteten knytt til utvinning av kritiske mineral. Dei tre er: Nussir (kopar), Nordic Mining (rutil og granat) og Skaland Graphite (krystallinsk grafitt).
Prosjekta møter motstand frå lokalsamfunn og urfolksgrupper. Samtidig står dei overfor regulatoriske og miljømessige hindringar.
– Balanse mellom økonomisk vekst og miljøvern er avgjerande, seier Szulecki.
Han understrekar behovet for konfliktløysing. Det er også behov for at alle ramma blir tekne med i utforminga av politikken rundt slike prosjekt.
I rapporten konkluderer forskarane med at eit tettare samarbeid mellom EU og Noreg er nødvendig for å oppnå ei vellykka grøn omstilling.
Gjennom riktige politiske tiltak kan begge partar dra nytte av økonomiske og miljømessige fordelar. Samtidig kan dei redusere sårbarheita si i ei stadig meir kompleks geopolitisk verd.
Referanse:
Kacper Szulecki mfl.: EU-Norway Green Alliance between vision and reality: Exploring the potential and barriers in the critical minerals and battery sectors. Rapport frå NUPI, 2025. Samandrag.
Forskinga i rapporten vart gjord medan Amalie Skaiå Larsen, Bendik Larsen og Philip Lømo Godal var masterstudentar på Universitetet i Oslo. All seinare forsking, skriving og redigering, så vel som endeleg formulering av policy-råd, har vorte utført av Kacper Szulecki.
Les også disse sakene fra NUPI:
-
Hvor farlig kan det være med droner over Europa?
-
Konkurranse mellom stater er ikke en tidløs sannhet, mener forsker
-
Slik presser populister diplomatiet til å bryte egne normer
-
Slik spiller regimet i Iran på følelser for å slå ned protester
-
Har militær aktivitet i Arktis økt etter 2022?
-
USA, Gaza, Ukraina, EU og Nato – Hva betyr det for ditt valg i 2025?