Kunnskapen vår om kva medisinar som er
trygge å bruka under svangerskapet har framleis betydelege hol.
Mangel på
kunnskap fører ofte til at gravide vert rådd frå å bruka ein del medisinar. Vi
veit ikkje om dei fører med seg ein risiko for fosteret eller ikkje.
Årsaka er mangelen på kliniske prøvar. Desse vert gjennomførde på vaksne personar, som både kan ta sjølvstendige val og som er i stand til å kommunisera med forskaren om det skulle oppstå uynskte biverknadar.
Eit foster kan ingen av delane. Derfor vert det rekna som uetisk å gjera kliniske prøvar med gravide, ikkje minst med tanke på at det kan oppstå uopprettelege skadar på fosteret.
Hemmar signalstoff
Dermed må forskarane nærma seg svar via
omvegar. Dyreforsøk er vanlege, men reiser óg etiske spørsmål.
Forskning.no har
tidlegare skrive om korleis forskar Oykum Kaplan-Arabaci ved Farmasøytisk
institutt, Universitetet i Oslo, brukar hønseegg
som alternativ til forsøksdyr.
– Vi såg at legemidla vart tekne opp i organa i kyllingfosteret, inkludert hjernen, seier Oykum Kaplan-Arabaci.(Foto: UiO)
– No har vi undersøkt to vanlege antidepressiva,
escitalopram og venlafaksin. Desse legemidla hemmar opptaket av visse
signalstoff i hjernen som påverkar stemningsleiet, fortel ho.
Escitalopram hemmar signalstoffet
serotonin. Venlafaksin femner litt breiare, og hemmar både serotonin og
noradrenalin, eit anna signalstoff, forklarar ho.
Observerte endringar
Det fyrste forskarane gjorde, var å visa
at legemidla vart tekne opp i hjernen ved å injisera dei i egget.
– Vi såg at legemidla vart tekne opp i
organa i kyllingfosteret, inkludert hjernen. Deretter kunne vi undersøkja om
dei hadde nokon effekt der, forklarar Kaplan-Arabaci.
– Vi starta med kliniske dosar, altså
dosar som svarar til det som vert gjeve til menneske under behandling. Vi
observerte endringar i profilen til mikro-RNA, eller miRNA, og nokre
strukturelle endringar i hjerneborken til veslehjernen.
Eit steg på vegen til meir kunnskap
Veslehjerneborken spelar ein viktig rolle
i utviklinga av motoriske og kognitive evner, medan miRNA deltek i
genregulering og proteinsyntese i celler.
Du ynskjer ikkje at utviklinga av
desse skal bli hemma i eit foster som skal veksa opp, forklarar forskaren.
– Men det er viktig å understreka at desse
forsøka er gjorde på kyllingfoster, og funna let seg ikkje nødvendigvis
overføra til menneske. Det er snarare ei påminning til legar og pasientar om å
gjera informerte val rundt bruken av antidepressiva i svangerskapet, seier
Kaplan-Arabaci.
– For oss forskarar er det eit steg vidare
på vegen til meir kunnskap om korleis desse legemidla fungerer, og korleis dei
bør brukast.
Annonse
Ti gonger større dosar
Forskarane undersøkte óg kva som skjer ved
større dosar enn kliniske.
– Vi såg at store dosar venlafaksin førde
til ein reduksjon av lengda på nevrittane, som spelar ein viktig rolle i
nettverket av nerveceller i hjernen. Vi såg óg andre endringar i
veslehjerneborken, fortel ho.
– Men dette skjedde ved doser som var ti
gonger, kanskje til og med hundre gonger, dei dosane som vert brukte ved
behandling. Sike dosar er det forhåpentleg ingen som utset seg sjølve for.