Denne artikkelen er produsert og finansiert av UiT Norges arktiske universitet - les mer.
Kyr endrar fjellandskap i Alpene
Beitedyr har påverka plantemangfald i fjellområde meir enn ein tidlegare har trudd, viser ny internasjonal studie.
Ei forskargruppe leia av professor Inger Greve Alsos utfordrar oppfatninga om at klimaendringar åleine har vore den viktigaste drivaren for endringar i økosystema.
Funna viser at storfe, som kom til Alpane for rundt 4200 år sidan, har hatt ein betydeleg positiv effekt på plantemangfaldet dei siste 2000 åra.
– Dei har fremja ei rikare blanding av blomstrande plantar og grasartar, seier Greve Alsos, professor i biologi på Noregs arktiske universitetsmuseum.
Kunnskap fra eldgammalt DNA
I studien har forskargruppa identifisert 603 planteartar og fleire ville og tamme pattedyr. Dette har de gjort ved hjelp av databasen PhyloAlps og avansert analyse av eldgammalt DNA frå 14 innsjøar i Alpane.
– Vi kan no rekonstruera nærværet av ville dyr ved hjelp av SedaDNA. Dette gir eit meir detaljert bilete av samspelet mellom klima, dyr og plantar. Dette var ikkje mogleg med klassiske metodar som pollenanalyse, fortel Sandra Garcés Pastor, forsker og førsteforfattar i studien.
Både klima, mennesker og dyr har prega artsmangfaldet
Resultata viser at klima var den viktigaste drivkrafta bak endringar i vegetasjonen i den tidlege holocen, tidsepoken som var for 11.000–6000 år sidan.
Menneskeleg aktivitet, særleg beiting frå husdyr, har hatt større innverknad på biomangfaldet dei siste 5000 åra.
Ifølgje analysane har sau og storfe spelt ei avgjerande rolle i å halda oppe og auka artsmangfaldet i fjellområda.
Dei viser også at ville dyr som hjort, gemse og steinbukk bidrog til å skapa opne leverområder og redusere konkurransen mellom plantar.
Betydning i generasjonar
Studien, publisert i tidsskriftet Nature Communications, peikar på viktigheita av tradisjonell arealbruk i Alpane.
Dette kan få mykje å seia for dagens forvaltning av slike fjellområde. Studien kan også fungere som støtte for strategiske tiltak for klimatilpassing.
– Vi har fått ny innsikt i korleis menneskeleg aktivitet og beitedyr kan spela ei nøkkelrolle i å sikra artsmangfaldet i fjellområde, både i dag og for framtidige generasjonar, fortel Greve Alsos.
Referanse:
Sandra Garcés-Pastor, Inger Greve Alsos mfl.: Wild and domesticated animal abundance is associated with greater late-Holocene alpine plant diversity. Nature Communications, 2025. Doi.org/10.1038/s41467-025-59028-2