Denne artikkelen er produsert og finansiert av Høgskulen på Vestlandet - les mer.
Når søsken dør: – Eg bar på ei dobbel sorg, seier Frida (38)
Mange søsken som sit igjen etter rusrelaterte dødsfall opplever at dei må vere sterke i sorga.
Kvar av dei som døyr har ofte minst eitt søsken, gjerne fleire. Det er mellom 250 og 300 overdosedødsfall i Noreg kvart år og minst like mange søsken som sit igjen.(Foto: Den Reader / NTB)
Vetle Nordgård MikkelsenVetle NordgårdMikkelsen
Høgskulen på VestlandetHøgskulen påVestlandet
Publisert
Ingrid (45) mista bror sin til narkotika for 14 år sidan.
– Eg er så utruleg dårleg til å spørje om
hjelp. Kanskje fordi det har vore mi rolle, både litt pålagd, men ikkje minst
sjølvpålagd, at eg skulle vere berebjelken i familien. Då kan eg ikkje gå og
spørje om hjelp, for då blir eg jo svak, seier Ingrid.
Ho har deltatt i eit landsomfattande prosjekt, der forskarar har undersøkt kva konsekvensar og belastningar rusrelatert død har for nære etterlatne.
Blant forskarane som deltok i prosjektet er Gunhild Skipenes Meen.
– Det var utruleg lite kunnskap om etterlatne søsken generelt, og ingenting om etterlatne søsken etter denne typen dødsfall. Det kjentest viktig å løfte, seier Meen.
– Det vesle eg fann av forsking på etterlatne søsken handla om den manglande opplevinga av anerkjenning som etterlatne, fortel forskar Gunhild Skipenes Meen. Ho jobbar til dagleg som høgskulelektor ved Høgskulen på Vestlandet.(Foto: Mauricio Pavez / HVL)
Forskar har lang erfaring frå rusfeltet
Sjølv har ho bakgrunn som vernepleiar og
har arbeidd ei årrekke med menneske med rusproblem. Erfaringa og engasjementet frå
dette arbeidet ber ho med seg vidare i forskinga si.
– Kvar av dei som døyr har ofte minst eitt
søsken, gjerne fleire. Det er mellom 250 og 300 overdosedødsfall i Noreg kvart
år og minst like mange søsken som sit igjen, seier forskaren.
I tillegg kjem dødsfall som følger av
andre narkotikarelaterte årsaker enn overdosar, som sjukdom og vald. Det er
altså snakk om mange etterlatne, og søskena utgjer ein stor del av dei.
– Det vesle eg fann av forsking på
etterlatne søsken handla om den manglande opplevinga av anerkjenning som
etterlatne, fortel Meen.
Kven har mest rett til å sørge?
I forskinga si har ikkje Meen undersøkt
sorg som noko individuelt og psykologisk, men som eit sosiokulturelt fenomen.
Omgrepet viser til samspelet mellom det sosiale, som menneskelege relasjonar, og det kulturelle, som verdiar, tradisjonar og kunnskap, og korleis desse påverkar både oss og samfunnet vårt.
Forskaren har sett på drøftingar om sorg: Korleis forstår vi sorg i vår kultur, og
korleis forventar vi at sørgande oppfører seg? Kven har mest rett til å sørge?
Gjennom forskinga si har ho funne ut
meir om kvifor etterlatne søsken kjenner på manglande anerkjenning, om stigmaet
knytt til denne typen dødsfall og posisjonen til søskena.
– Søsken er den
potensielt lengste relasjonen ein kan ha i eit liv, så det er merkeleg at dei
er så lite anerkjende som etterlatne, seier Meen.
– Korleis gir vi meining til denne typen
etterlatne?
I kulturen vår har vi ulike forteljingar som går igjen når vi snakkar om narkotikarelaterte dødsfall, forklarar forskaren.
Annonse
I denne samanhengen skil forskarene mellom historier, som er den individuelle
historia om den avdøde, og forteljingar.
– Desse forteljingane er sosiale og
kulturelle rammer som hjelper oss å forstå og fortelje om hendingar i livet. Medan
historiene er individuelle, er forteljingane generelle, seier Meen.
Personane som deltok i prosjektet tyr òg
ofte til desse forteljingane når dei skal gi meining til sine opplevingar som
etterlatne og til dødsfallet dei har opplevd, forklarar ho.
– Mykje tyder på at forteljinga om at
foreldra har gjort noko feil har stor utbreiing i vår kultur. Så finst det andre historier ein bruker
for å «frikjenne» familien frå skyld, til dømes at systemet har svikta. Denne
forteljinga er typisk for den norske velferdsstaten, seier forskaren.
Skaper avstand til «typiske narkomane»
Forteljingar om krafta til rusen er òg
svært vanlege.
Her blir rusen tillagd ei slags ibuande kraft som er så sterk at
det nærmast skal eit mirakel til for å sleppe unna, og slik blir dei avdøde
søskena reinvaska, forklarar forskaren. Det var ikkje deira feil; rusens kraft er omtrent
ustoppeleg.
Mange av søskena målar eit bilde av sitt
søsken som annleis enn andre rusavhengige. Dei beskriv søskena sine som unike
og spesielle personar.
– Slik skapte dei avstand til den «typiske narkomane» og ønskte ikkje at søskena deira skulle bli sett på som det, seier
Meen.
Som Jonathan (37) seier om broren han
mista for ti år sidan:
– Han var ikkje ein sånn tradisjonell
narkoman som du ser føre deg på gata. Han var jo unik, han var eit individ,
og han var ikkje ein av dei, liksom.
Åleine i sorga
Annonse
Den verkeleg store gjengangaren blant søskena
som har deltatt i prosjektet er likevel forteljinga om manglande anerkjenning.
Som
samfunn ser vi på det å miste eit barn som noko av det verste eit menneske kan
oppleve. Etterlatne søsken blir ikkje tillagde den same verdien som sørgande.
Ein gjengangar blant desse søskena er at
dei har følt at dei må stå i sorga og støtte andre familiemedlemmer.
– Eg var særleg bekymra for mamma, den
første reaksjonen hennar var mykje meir fysisk enn hos oss andre, seier John
(36), som mista bror sin for ti år sidan.
Då Frida (36) mista bror sin til
narkotika, skjulte ho si eiga sorg frå foreldra.
– Eg merka vel tidleg at eg følte at eg
ikkje ville belaste foreldra mine med min smerte. Og eg tenkte veldig på deira
smerte. Eg følte at eg bar på ei dobbel sorg, seier Frida.
Dei etterlatne søskena har gjort sterkt inntrykk
Forteljingane til dei etterlatne søskena
har gjort sterkt inntrykk på forskaren.
– Avhandlinga viser at det blir forventa
at desse søskena skal stå der som ei støtte, ikkje vere påverka av dødsfallet
og ikkje ha behov for nokon ting. Det er den forståinga dei har sjølve òg,
seier Meen.
Ho håper at forskinga hennar kan bidra til
auka anerkjenning for denne hittil forbigåtte gruppa etterlatne, men også for
dei avdøde.
Om prosjektet
Forskingsprosjektet som avhandlinga til Meen er del av har ikkje berre gitt oss betre forståing for etterlatne etter narkotikarelatert død. Det har også bana vegen for ei eiga foreining for pårørande: Landsforeininga for etterlatne ved rus.
Alle søskena i denne artikkelen er anonymiserte og har fått andre namn enn dei som dei bruker til dagleg.