Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
Ein kunstnars illustrasjon av ein løpsk planet på vill ferd gjennom Mjølkevegen. (Foto: David A. Aguilar, Center for Astrophysics, Harvard-Smithsonian)
I samarbeid med:
Denne saken er produsert av NRK.
Astrofysikarar ved Harvard-Smithsonian Center for Astrophysics i USA har funne at det finst løpske planetar som suser gjennom rommet med ein fart på opp mot 50 millionar kilometer i timen.
– Bortsett frå subatomiske partiklar veit eg ikkje om noko som beveger seg raskare i vår galakse enn desse løpske planetane, seier hovudforfattar av studien, Idan Ginsburg ved Dartmouth College, i ei pressemelding.
Astrofysikarane har enno ikkje sett slike løpske planetar direkte, men baserer seg på teoretiske studiar som viser at dei eksisterer.
– Vi kan aldri seie noko sikkert om verkelegheita før vi har sett det. Sjølv om det er rimeleg å trur at dei finst, skulle vi gjerne sett dei, fortel astrofysikar Jostein Riiser Kristiansen ved Høgskolen i Oslo og Akershus.