Trappar opp etter parasittfunn
Veterinærinstituttet vil samle inn fleire revar på norsk side etter svensk funn av reveparasitt som kan gi frykta sjukdom hos menneske.
Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
Fram til no har fastlands-Noreg og Sverige vore spart for bendelormarten revens dvergbendelmark som lever i rovdyr som rev og ulv.
Parsitten kan gi den frykta sjukdommen ekinokokkose hos menneske (sjå faktaboks).
Men denne veka vart det rapportert at parasitten er påvist i ein rev i Uddevalla i Sverige, om lag 10 mil frå norskegrensa.
Parasitten er også kjent frå Svalbard, der han vart oppdaga i smågnagararten austmarkmus i 1999.
____________________