Denne artikkelen er produsert og finansiert av Havforskningsinstituttet - les mer.
– Konsekvensane av oljesøl kan vere kraftig undervurdert
Skadelege oljedropar og sårbare fiskeegg kan kollidere i hopetal, viser ny forsking. Følgjene kan vere verre enn frå eksponering for løyst olje.
Oljeuhell er sjeldne, men dei skjer.
Heilt nye resultat frå Havforskingsinstituttet (HI) viser at følgjene av eit slikt uhell kan vere større enn tidlegare antatt.
Ein av risikofaktorane er nemleg kraftig undervurdert:
– Studien vår viser at ei betydeleg mengd oljedropar vil kunne kollidere med sårbare fiskeegg, noko som det ikkje vert teke omsyn til i dag, seier havforskar Håvard G. Frøysa.
Tradisjonell risikomodellering vurderer berre effektane av løyst olje. Men oljeuhell fører óg til at mange oljedropar vert sleppte ut – og effektane av desse er ikkje med i risikomodellering.
No har havforskarane vurdert ei av følgjene oljedropar vil ha på omgjevnadane sine.
Havforskingsdirektøren: – Vi må endre måten vi tenker på
– Dette er viktig ny kunnskap og eit godt eksempel på kvifor vi kontinuerleg må jobbe med korleis vi vurderer risiko, seier havforskingsdirektør Nils Gunnar Kvamstø.
Dei siste åra har Havforskingsinstituttet vidareutvikla måten forskarane gir råd på, og gått over til såkalt scenariobasert rådgjeving.
Det handlar om å lage eit beslutningsgrunnlag for handtering av hendingar i situasjonar med stor uvisse, og der det finst fleire vegval.
– Det er heilt nødvendig i den tida vi no er inne i. Ikkje fordi vi har gitt dårlege råd før, men fordi verda endrar seg raskt. Alt er i spel. Vi er inne i ei klimakrise, der klimaendringane påverkar økosystema. Samtidig har geopolitiske forhold og samarbeid også endra seg radikalt på få år. Då må vi også gjere måten vi jobbar på ein meir dynamisk måte.
Dette er eit viktig poeng for havforskingsdirektøren i årets Havtale.
Scenarioet: 90 dagar med oljeutslepp i Lofoten
Frøysa har simulert eit oljesøl sørvest for Lofoten. Dette er nært gyteområda for verdas største bestand av nordaustarktisk hyse.
Det simulerte oljesølet vara i 90 dagar, frå 1. mars til 30. mai 2001 – midt i gytesesongen til hysa.
– Det er i denne perioden konsekvensane for hyseegg og -larvar ville vore størst, både akutt og i form av misdanningar og seinskadar, seier havforskaren.
Det modellerte oljeutsleppet vara like lenge som Deepwater Horizon-ulukka, som vert rekna som tidenes største oljeutslepp. I den ferske simuleringa sleppte forskarane ut omtrent halvparten så mykje olje som ulukka.
På kollisjonskurs
Havforskarane har utvikla ein algoritme som reknar ut kollisjonar mellom egg og dropar. Resultata syner at fiskeegga kolliderte med oljedropar gong etter gong i simuleringa.
– Dropar spreier seg langt vidare og dekkjer eit mykje større havområde enn løyst olje for ein gitt grenseverdi. Dei opptrer også generelt i høgare konsentrasjonar, seier Håvard G. Frøysa.
Både den løyste oljen og oljedropane held seg i dei øvste 50 meterane av vassøyla – og det er også her flesteparten av egga er. Fordi hyseegga er klebrig, kan problemet vedvare:
– Sjølv om olje og egget skil veg igjen etter kollisjonen, kan oljedropar verte med egget vidare som blindpassasjerar. Slik vert egga eksponerte for olje over lenger tid, seier Frøysa.
Større risiko enn ein har rekna med
Eit stort oljeutslepp kan dimed ha langt større konsekvensar for fisk i slike tidlege livsfasar enn det ein tidlegare har trudd.
– I sum viser studien at tradisjonell risikomodellering, der berre løyst olje er med, kraftig undervurderer konsekvensane av oljesøl, seier forskingssjef Frode Vikebø.
Vikebø peikar på at den ferske studien kan bidra til å styrke rammeverket for korleis effektane av oljedropar vert risikovurderte.
Samtidig understreker han behovet for meir forsking:
– Vi veit framleis lite om eksakt korleis eksponering frå oljedropar påverkar hyse og andre artar. Det treng vi eksperimentelle studiar for å seie meir om.
Referanse:
Håvard G. Frøysa, Frode B. Vikebø mfl.: Oil droplets are severely overlooked in risk assessments. Nature communications earth & environment, 2025. Doi.org/10.1038/s43247-025-02805-0
Fikk du med deg disse sakene fra Havforskningsinstituttet?
-
Norsk østers har sluppet unna, men nå er parasitten oppdaget i Sverige
-
10 ting du ikke visste om sel
-
Sjøaure kan overføre farleg parasitt til oppdrettslaks. Kostnadane ved det siste utbrotet er rekna til rundt ein milliard kroner
-
Det kryr av liv i Oslofjorden – men det er mykje småfisk
-
Ny teknologi endrar fiske etter brisling
-
Laksesurrogati kan bidra til å bevare villaks