Denne artikkelen er produsert og finansiert av Havforskningsinstituttet - les mer.
Slik gjer kvalbæsj stor nytte i havet
Gjennom avføring og urin resirkulerer kvalane næringsstoff i havet – og produksjon av plankton går opp.
Planteplankton er «havets gras» – dei er grunnleggjande næring for dyr i hav og ferskvatn.
Dei blir ete av dyreplankton, som igjen er mat for større dyr.
For å verkeleg blomstre treng planteplankton tilførsel av næringsstoff.
Her speler bardekvalane ei viktig rolle, syner nye resultat.
Kvart år migrerer bardekvalar, som vågekval og finnkval, nordover for å beite i våre farvatn i sommarhalvåret. Der gjer dei nytte for seg:
– Ved å resirkulere næringsstoffa i havet kan desse bardekvalane auke primærproduksjonen, seier havforskar Carla Freitas.
Forskarane har lenge hatt ein hypotese om at kvalar resirkulerer næringsstoff, men no har dei talfest kort stort bidraget er.
Ein miks av næringsstoff i tiss, ein annan miks i bæsj
Tidlegare har forskarane funne ut at dei 15.000 vågekvalane som beiter rundt Svalbard, bæsjar 600 tonn kvar dag.
No har forskarane også fått svar på urinprøvene:
– Nitrogen vert i hovudsak skilt ut via urin. Fosfor og andre essensielle spormetall, som jern, sink, kopar og mangan, vert for det mest vert skilde ut gjennom avføringa, seier Freitas.
Både nitrogen, fosfor og spormetall er nøkkelingrediensar for planteplankton – mangel på desse næringsstoffa er ein brems for produksjonen. Nitrogen er spesielt avgrensa i vårt ope hav.
– Ikkje berre er kvalurin ei god kjelde til nitrogen, men næringsstoffet vert også skilt ut i ei form som er enkel for planteplanktonet å ta i bruk, seier havforskaren.
Opp til 10 prosent
I studien ser forskarane på bardekvalar på beiteområda i Barentshavet, Norskehavet, Grønlandshavet og Islandshavet. Bardekvalar inkluderer vågekval, finnkval, seikval, knølkval, blåkval og grønlandskval.
Forskarane simulerte primærproduksjonen i to ulike scenario: Med og utan kvalar som gjødslar.
Bidraget varierer etter tid og stad, viser funna.
– Størst effekt såg vi på sommaren, når vatnet er lagdelt og næringsstoff-nivåa er låge, og i ope hav, langt frå andre næringskjelder, seier havforskar Morten Skogen.
Då kan gjødselbidraget frå kvalane auke primærproduksjonen med opp mot ti prosent. Den årlege effekten er meir beskjeden, med opp til fire prosent.
Meir enn eit rovdyr
Studien tyder på at auka primærproduksjon grunna kvalgjødsel får ringverknadar vidare i næringsnettet: Det vert opp til ti prosent meir dyreplankton, som igjen er mat for fisk og andre artar.
Kvalar er dermed meir enn berre rovdyr:
– Dei er nøkkelartar i næringsnettet, der dei resirkulerer næringsstoff og bidreg til eit produktivt økosystem, seier Carla Freitas.
Referanse:
Carla Freitas mfl.: Impact of baleen whales on ocean primary production across space and time. PNAS, 2025. Doi.org/10.1073/pnas.2505563122
Fikk du med deg disse sakene fra Havforskningsinstituttet?
-
Norsk østers har sluppet unna, men nå er parasitten oppdaget i Sverige
-
10 ting du ikke visste om sel
-
Sjøaure kan overføre farleg parasitt til oppdrettslaks. Kostnadane ved det siste utbrotet er rekna til rundt ein milliard kroner
-
Det kryr av liv i Oslofjorden – men det er mykje småfisk
-
Ny teknologi endrar fiske etter brisling
-
Laksesurrogati kan bidra til å bevare villaks