– Barn har ein ibuande nysgjerrigheit som eg ynskjer å bidra til at dei skal behalda. Eg håpar dei vil la seg fascinera av litt av det usynlege mangfaldet som vi lever i, seier Unni Vik, fyrsteamanuensis ved Naturfagsenteret ved Universitetet i Oslo og ved Institutt for barnehagelærarutdanninga, OsloMet.
Vaksne soppentusiastar som ser føre seg ei soppbok der flugesopp og kantarell har sentrale plassar, vil altså ikkje finna det i «Sopp en hal!», anna enn i perifere biroller. I denne boka er det soppane du berre kan sjå i mikroskop som har hovudrolla.
– Barn i aldersgruppa som boka passar for – tre til ni år gamle – er i ein fase av livet der dei har lyst til å forstå korleis verda rundt dei fungerer. Dei aksepterer fint at det finst usynleg liv rundt oss, seier Vik.

Sjølv om dei små organismane ikkje kan sjåast med berre augo, kan resultatet av dei biologiske prosessane deira vera synleg.
– Mykje av det eg skriv om i boka er slikt som kan observerast ute i naturen. Ein kan nesten gå på soppsporjakt, seier Vik.
Kulare jo meir ein finn ut
Vik har doktorgrad i mikrobiell økologi. Avhandlinga hennar frå 2014 handlar sjølvsagt om sopp.
– Soppriket er så overveldande, og vi ikkje anar kor stort det er. Det er beskrive rundt 150 000 artar, men antakeleg finst det mange millionar som vi ikkje kjenner til, seier Vik.
– Tenk så mykje kult det står att å oppdaga – og jo meir ein finn ut av, jo kulare blir det. Som forskarar er vi drivne av den same nysgjerrigheita vi hadde som små barn, og vi opplever den same gleda ved å finna ut av ting.