Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.
Knuser myte om artrose og trening: – Vi må slutte å bruke det ordet
Professor meiner pasientar blir redde for å trene når legen brukar ordet «slitasjegikt». Forsking viser at nettopp trening kan gje langt mindre smerte og betre livskvalitet.
– Dei aller fleste pasientar eg har møtt tenkjer at leddet deira er slitt og at nå må dei halde seg i ro, når dei høyrer om slitasjegikt. Det er jo heilt motsett av det du bør gjere, seier May Arna Risberg.
Artrose rammar hyppigast ledda i knea, hoftene, hendene og ryggraden.
Risberg har forska på trening og artrose over mange år. Effektane er svært gode og godt dokumenterte.
Over 300.000 nordmenn har artrose
Det kan komme over 300.000 nordmenn med artrose til gode. Artrose er ein folkesjukdom som mange er sterkt prega av og som kostar samfunnet mykje.
– Trening verkar like bra eller betre enn smertestillande medikament på symptoma personar med artrose kjenner på, seier Risberg.
Ho er professor ved Institutt for idrettsmedisinske fag ved NIH og seniorforskar ved Oslo universitetssykehus.
Sjølv om trening ikkje er ein rask måte å bli frisk på, er forskaren tydeleg på at trening kan gjere at ein meistrar sjukdomen betre i kvardagen og slik oppnår mykje betre livskvalitet.
Får høyre at det ikkje er noko å gjere med
Risberg er sjølv fysioterapeut og har møtt mange pasientar som ikkje trur at det er noko å gjere med tilstanden og smertene som fylgjer med sjukdomen.
Det same høyrer Norsk revmatikerforbund.
– Mange får høyre at det må du berre leve med, det er ikkje noko å gjere. Dei blir redde for å bruke leddet, som me veit frå forskinga gjer det mykje verre, seier fagsjef Anna Fryxelius.
Ho er gjest saman med Risberg i NIH-podden, i episoden «Artrose og trening».
Begge er einige at slitasjegikt er eit ord og ein myte som ein bør knuse.
Vi må slutte å bruke det ordet, meiner de. Det er rett og slett fordi det er eit ord som ifølgje dei faktisk ikkje beskriv denne leddsjukdomen.
Fryktar smerter ved trening med artrose
Forbundet høyrer også om mange som fryktar trening på grunn av smertene.
– Dei er redde for å skade seg meir. Og mange opplever jo kanskje at de får meir vondt etter trening. Da treng ein å få god og nok informasjon om at det er normalt og at det ikkje er farleg, seier Fryxelius.
Ho oppmodar legar og anna helsepersonell til å artrosepasientar på alvor.
For dei aller fleste så er jo dette også ein usynleg tilstand som kan gjere at du begynner å tvile veldig på deg sjølv, seier ho.
– Viss du går til legen med eit problem som du sjølv opplever som ganske vanskeleg eller krevjande, og får beskjed om at dette er noko alle får og at det berre er å ta seg saman, seier Fryxelius.
Heldigvis viser forskinga at smertene kan bli mindre og livskvaliteten betre om ein får persontilpassa trening og progresjon.
73 prosent blir betre med Aktiv-A programmet
Det kan mange få gjennom programmet Aktiv med artrose, også kjent som Aktiv A. Eit nasjonalt program som har som mål å hjelpe både pasientar og helsepersonell med kunnskap og retningslinjer.
Forskinga på programmet viser at det har svært gode effektar:
- Gjennom Aktiv A ser ein at 72 prosent av pasientane blir betre tre månader etter start.
- 94 prosent av pasientane seier dei brukar det dei lært kvar veke etter tre månader, 85 prosent brukar det framleis kvar veke etter eitt år.
«A-ha oppleving» for mange
Det er fleire grunnar til at trening verkeleg funkar for denne pasientgruppa.
Ledda er nemleg laga for bevegelse.
– Dette er ei aha-oppleving for mange. Brusken har ingen nerveceller og ingen blodforsyning, og treng bevegelse for å få næring frå leddvæska. Utan bruk blir tilstanden mykje verre, stivare og meir smertefull, forklarar Risberg.
I forskinga deira har dei også sett at overvekt er ein viktig faktor.
Pasientar med kneartrose og fedme som klarer å gå ned ti prosent i vekt, kan redusere smertene med 50 prosent.
– Viss ein skal ned i vekt, er det avgjerande å drive styrketrening samtidig. Viss ein berre fokuserer på vektnedgang utan trening, risikerer ein å miste muskelmasse, noko vi ikkje ynskjer, seier Risberg
Muskulaturen er ekstremt viktig for alle ledd, og spesielt kneet, for å kunne oppretthalde funksjonen, legg ho til.
Fire råd om artrose og trening til fysioterapeutar og andre fagfolk
- Ta Aktiv A-kurset: Fleire fysioterapeutar bør ta dette kurset, meiner fagsjef Fryxelius. Dette 10-timars kurset oppdaterer fysioterapeutane på den nyaste forskinga innan artrosefeltet, og gjev dei kunnskap om livsstilsendringar, smertehandsaming, kirurgi og særleg treningsfokus.
- Slutt å bruke ordet «slitasjegikt»: May Arna Risberg understrekar at fagfolk må slutte å bruke ordet «slitasjegikt». Grunnen er at dette ordet feilaktig får pasientane til å tru at leddet er slitt og at dei skal sitte i ro, noko som er det stikk motsette av det rette budskapet
- Fokus på tilpassa trening: Det er heilt avgjerande at fagfolk rettleiar pasienten til å finne «middelvegen» for dosering av belastninga. Treninga må vere tilpassa kvar enkelt pasient og målretta mot dei aktivitetane pasienten ikkje klarer.
- Heilskapleg syn på behandling: Vurder heile biletet. To tredelar av alle med artrose har andre sjukdommar, gjerne knytt til livsstilssjukdommar, og behandlinga bør derfor vere heilskapleg
Få hjelp frå fagfolk
Det viktigaste bodskapet dei to gjestene i NIH-podden har til deg som har artrose, er å søke hjelp frå folk som har kunnskap.
Be om å få ein fysioterapeut eller helse- og treningsfysiolog som har gått Aktiv A-kurset, tipsar Risberg.
– Finn ut av din eigen kvardag, slik at du kan oppretthalde fysisk aktivitet. Anten om du gjer det med vener, ein treningsfysiolog, personleg trenar eller andre som kan hjelpe deg med ein livsstilsendring som varer, seier Fryxelius.
Norsk revmatikerforbund har også 200 lokallag over heile landet, og arrangerer stadig artroseveke, helg og treff rundt omkring i landet der dei mellom anna har tilrettelagt trening og kursing, fortel fagsjef Anna Fryxelius.
Hør episoden under:
Les også disse sakene fra Norges idrettshøgskole:
-
100 dagar ute i kulde og utan forsyningar: Kva skjedde med musklane?
-
Menn får størst effekt av styrketrening, men det kan vere viktigare for kvinner
-
Ny studie: Korte gåturar og mindre stillesitting gir lågare dødsrisiko
-
– Jenter i lagidrett bør starte med styrketrening tidlegare
-
Det handler om mer enn plagsom erting og utskjelling: Over halvparten har opplevd dette i barne- og ungdomsidretten
-
Julia (27) har eit yrke nærmast ingen kvinner har