Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.
Christina fekk stygge meldingar da ho trente styrke i svangerskapet: Nå gir forskarane grønt lys
Fitness-profil Christina Strøm Fjære er glad for at forskinga støttar kvinner som vil halde seg aktive.
Christina Strøm Fjære blei verdsmeister i Bikini Fitness i 2013, og har også drive med styrkeløft og crossfit. Ho håpar forskinga inspirerer fleire gravide kvinner til å vere aktive gjennom svangerskapet.(Foto: Privat)
Christina Strøm Fjære fortel om dei grove meldingane ho fekk da ho la ut bilde og video av at ho trente styrke i svangerskapet.
Både i meldingsinnboksen på Instagram og på treningssenteret var folk bekymra for at ho heldt fram med den tunge styrketreninga ho var van med som fitness-utøvar gjennom heile svangerskapet
– Eldre damer har kome bort til meg og spurd: Kan du det der da? Går det bra?
Nå kan den tidlegare verdsmeistaren i Bikini-Fitness svare med forskingsresultat frå prosjektet ho sjølv var deltakar i.
Dette gjorde deltakarane
i Strong Mama-prosjektet
Strong Mama-prosjektet
såg i tillegg til høgintensiv
trening, også på korleis fosteret hadde det under tung styrketrening.
Dei 48 deltakarane var
toppidrettsutøvarar eller godt trente kvinner.
Dei var gjennom
styrkeøvingane sumomarkløft, benkpress og skråbenkpress.
I alle øvingane gjorde
dei tre sett med åtte repetisjonar. Belastninga var høg, med berre ein
repetisjon i reserve.
Det betyr at når du har
gjort dei åtte repetisjonane, skal du framleis ha styrke til å gjere éin ekstra
repetisjon viss det var nødvendig.
Christina Strøm Fjære var aldri redd for å trene tung styrketrening gjennom dei to svangerskapa sine, men sleit meir med kondisjonstrening på grunn av symfyse-smerter.(Foto: Privat)
Trygt med tung styrke i
svangerskapet
Lene Anette Hagen Haakstad er professor på NIH og har vore prosjektleiar for Strong Mama-studien.(Foto: NIH)
Funna er gode nyheiter
for gravide som vil halde fram med styrketrening i graviditeten.
– Godt trente kvinner ser
ut til å tåle tung styrketrening veldig godt, utan at det ser ut til å påverke
verken svangerskapet eller fødselen negativt, seier prosjektleiar og professor,
Lene Haakstad.
Ho fortel at dei berre
såg små endringar i fosterets hjartefrekvens, med ein gjennomsnittleg auke på
omtrent tre til seks per minutt.
Det var heller ingen
negative endringar i blodstrøymen inn til fosteret.
Det var berre eit
tilfelle av låg hjartefrekvens etter benkpress, som vil seie at fosterets
hjartefrekvens fell under 110 slag i minuttet i over tre minutt. Men dette
normaliserte seg raskt.
Derfor bør gravide unngå
øvingar på ryggen
Annonse
Gravide kvinner har lenge
blitt anbefalt å unngå ryggliggande øvingar etter veke 20 av svangerskapet.
Grunnen er at når ei
gravid kvinne ligg på ryggen, pressar livmora med foster og fostervatn på den store blodåra som fører blod frå beina og nedre del av
kroppen tilbake til hjartet.
– Dette trykket kan
redusere blodstrøymen tilbake til mors hjarte, noko som igjen kan føre til
lågare mengde blod hjartet pumpar ut per minutt og blodtrykk. I verste fall kan
det redusere blodstrøymen og oksygentilførselen til fosteret, forklarar Haakstad.
Strong Mama-studien
undersøkte spesifikt benkpress som ein ryggliggande øving og skråbenkpress (som
ikkje er ryggliggande) for å sjå på korleis mor og foster reagerte på dei
forskjellige øvingane.
Sjølv om det ikkje var
negative utslag i prosjektet, understrekar forskarane at dei ikkje gjorde ei
heil styrkeøkt med ryggliggande øvingar.
– Myten er nok lagt litt
død. Men eg ville likevel ikkje anbefale at ein gjer ryggliggande øvingar
gjennom ei styrkeøkt, seier Haakstad.
Styrketrening blir
anbefalt for alle gravide
Strong Mama-prosjektet er
gjort på godt trente kvinner som har trent høgintensitetstrening eller tung
styrketrening som ein del av kvardagen også før graviditet.
Forskarane håpar likevel
at også normale gravide kvinner blir inspirert og trygga til å trene styrke
under svangerskapet når dei får høyre om forskingsfunna.
– Lett til moderat
styrketrening blir anbefalt for alle gravide. Ver oppmerksam på eigen form og
kjenn godt etter korleis det kjennes for deg, seier stipendiat i prosjektet,
Emilie Mass Dalhaug.
Stipendiat Emilie Mass Dalhaug gjennomførte testinga på NIH. Deltakarane var gjennom ein protokoll både i løping, sykkel og styrketrening.(Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø / NIH)
Trening kan beskytte mot
komplikasjonar
I prosjektet har
deltakarane også gitt informasjon om helsesituasjon undervegs i svangerskapet
og etter fødsel.
Annonse
Resultata viser at både
lengda på svangerskapet og fødselen var lik som den generelle
befolkninga.
Gjennomsnittleg fødselsveke: 39,9 (på termin) blant Strong Mama-deltakarane og 39,9 i normalbefolkninga.
Gjennomsnittleg fødselsvekt var normal (3487 gram) og ingen av barna hadde låg fødselsvekt (under 2500 gram). Normalbefolkninga: 3485 gjennomnsittleg fødselsvekt og 4,7 prosent låg fødselsvekt.
Færre premature fødslar (1,6 prosent) blant Strong Mama-deltakarane samanlikna med normalbefolkninga (5,8 prosent).
NIH-studien var ikkje laget for å undersøke effekten av trening på fødselsutfall, men basert også
på anna forsking kan forskarane ane ei gladnyheit for aktive gravide.
– Det kan tyde på at
trening har ein beskyttande effekt, seier Dalhaug.
Ser fleire gravide på
treningssenteret
Christina Strøm Fjære var
aldri redd for å trene styrke da ho var gravid med sine to barn. Ho kjente
kroppen sin godt frå før, og kjente at treninga gav ho mykje i svangerskapet.
Det hjelpte henne også
gjennom barseltida.
– Viss du har klart å
halde deg i aktivitet, så er jo den barseltida mykje enklare ved å vere fysisk
sterk.
Å få forskingsfunn som
viser at det er trygt, trur ho kan bety mykje.
– Mange kvinner har sendt
meldingar og sagt: Nå tør eg også å trene styrke, etter at resultata har blitt
kjent, seier Fjære.
Det har skjedd ei endring på berre få år legg ho til.
– Nå ser eg gravide damer som
trenar styrke og kondisjon. Det er kjempekult å sjå, seier Fjære.
Annonse
Og dei eldre damene på
treningssenteret som lurte på korleis det skulle gå med babyen hennar?
– To år seinare har dei
kome tilbake til meg og spurd korleis det går med barnet mitt. Da har eg svart
at du, det har gått heilt strålande. Reaksjonane har vore blanda, men stort
sett er folk nysgjerrige og positive.
Forskarane bak Strong
Mama håpar funna vil bidra til at fleire kvinner tør å trene trygt gjennom
svangerskapet – utan dårleg samvit.