Cellegift er ei vanleg behandlingsform mot
kreft, men har alvorlege biverknadar som håravfall, utmatting og nedsett
immunforsvar.
Men for rundt ti år sidan kom ei ny gruppe medisinar på marknaden
som alternativ til dagens cellegiftbehandling.
– Denne gruppa heiter antistoff-legemiddelkonjugat, forkorta til ADCar etter det engelsk namnet, seier forskar Astrid Medhus ved Institutt for kreftforsking, Radiumhospitalet.
– Dei siste åra har betre teknologi og kunnskap ført til ei stor satsing på å utvikle nya ADCar.
Minimera skade på friske celler
Forskjellen på tradisjonell cellegiftbehandling
og ADCar er som forskjellen mellom haglejakt og skarpskyting.
Cellegifta angrip
cellene i heile kroppen, men kreftcellene toler angrepet dårlegare enn friske
celler.
ADCane er designa til å berre angripa
kreftcellene.
Dei består av tre hovudkomponentar: antistoff som kan gjenkjenna
bestemte markørar på celler, ein giftkomponent og ei kopling som bind dei to
saman, forklarar forskaren.
Verkar ikkje alltid
– Kreftceller har fleire av slike markørar enn friske celler har,
forklarar Medhus.
– Per i dag veit vi ikkje kva pasientar som vil dra nytte av denne nye behandlingsforma, seier Astrid Medhus.(Foto: Privat)
Når
ein ADC gjenkjenner markøren på ei kreftcelle, bind han seg til markøren og blir
tatt opp av cella. Fyrst når ADCen er inne i kreftcella blir gifta frigjort og
kan drepa cella.
På denne måten kan ein minimera skade på friske celler.
– ADCar har hatt stor suksess i mange kreftformer,
men det er ikkje alltid dei verkar. Per i dag veit vi ikkje kva pasientar som
vil dra nytte av denne nye behandlingsforma, seier Medhus.
Majoriteten får ikkje noen effekt
Talet på pasientar som får effekt av ADCar
er vanlegvis mellom 20 og 50 prosent. Det betyr at det for majoriteten av behandlade
pasientar ikkje har nokon effekt.
– Det fekk oss til å sjå nærare på
detaljane i korleis desse legemidla fungerer Utgangspunktet vårt var at det
ikkje er nok å få cellegifta fram til kreftcella. Gifta må óg inn i cella for å
ha nokon effekt, seier Medhus.
– Så vi har sett på ei gruppe protein som
heiter Rab-GTPasar. Dei styrer opptak og transport inne i cella, og fungerer
som portvaktarar i transporten.
Forstår ikkje fullt ut rolla
Undersøkingane til Medhus og teamet hennar
har bekrefta mistanken om at det ikkje er nok å få gifta fram til kreftcella,
men at høge nivå av riktig portvaktarprotein kan vera viktig for å gi betre
effekt av ADCen
– Ikkje berre det, men vi såg óg at når
overflatemarkør ikkje klarte å føreseia respons på ADC-behandlinga, kunne desse
Rab-GTPasene bli brukt i staden for.
– Vi meiner derfor at for å finna ut om
ein pasient vil ha effekt av ein ADC, må ein sjå på nivåa av Rab-GTPasane i
tillegg til overflatemarkøren. Eg understrekar at vi enno ikkje fullt ut forstår
kva rolle Rab-GTPase spelar for opptaket av ADCer. Men vi veit at rolla er
viktig, seier Medhus.
Sett saman som legoklossar
Utvikling av nya ADCar skjer i rakettfart. Medhus fortel at dei store legemiddelfirmaa innan onkologi, altså
kreftbehandling, jobbar med å utvikla nye ADCar.
– Så handlar det om korleis ein set
komponentane saman, litt som legoklossar. Korleis desse klossane vert sette
samen har mykje å seia for korleis ADCen fungerer, og derfor óg kva Rab-GTPasar
som er viktige for at han skal fungera, seier Medhus.
– Vi meiner at behandlinga har to steg, og
at steg to, å få gifta inn i cella, er litt oversett. Det vert som å gå: kvart
steg vert lenger om du brukar begge føtene.