– Dei har eit sterkt ønske om å overleve og bygge ei framtid både for seg
sjølv og Palestina, seier forskar Rawia Awadallah.
Ho er sjølv frå Gaza og har
jobba ved Det islamske universitetet i Gaza.
No er ho tilsett ved OsloMet gjennom
Scholars at Risk-programmet, som skal verne truga akademikarar og fremje
akademisk fridom.
Utdanningssystem under angrep
Utdanningssystemet i Gaza har lenge vore
svekt på grunn av den israelske blokaden som starta i 2007.
– Men etter oktober 2023 har situasjonen
utvikla seg til det vi kallar scholasticide, seier Awadallah.
Omgrepet inneber ei systematisk
øydelegging av utdanningssystemet, med angrep på skolar, universitet, lærarar
og studentar. Menneskerettsekspertar
i FN deler oppfatninga om at det er det som skjer i Gaza.
Scholasticide inneber ikkje berre
fysiske øydeleggingar, men også utsletting av kunnskap, kultur og akademisk
minne.
Utdanning under krig
Ifølgje
ein FN-rapport frå i sommar, har israelske styrkar øydelagt over
90 prosent av skolebygningane i Gaza. Målretta øydelegging av høgare
utdanningsinstitusjonar har ramma rundt 87.000 studentar.
Meir enn 57 universitetsbygningar skal ha
blitt skadd, og i mars i år var det rapportert at over 190 universitetstilsette
var drepne, seier rapporten.
Awadallah viser til den sterke kontrasten
mellom situasjonen i Gaza og FNs berekraftsmål om utdanning for alle.
– Det finst ikkje retningslinjer for
korleis dette målet skal kunne oppfyllast under krig. Korleis skal folk lære og
studere under slike forhold?
Motivasjon midt i krigen
Trass i situasjonen er det mange i Gaza
som likevel vel å studere. Nokon har fortset studiane sine gjennom
tilrettelegging både frå universitet i Gaza og på Vestbreidda. Andre oppsøker
nye arenaer for læring.
– Vi ville finne ut kva som motiverer dei
til utdanning under ein krig der dei lever i konstant livsfare, seier
Awadallah.
Studien er gjennomført før våpenkvileavtalen som vart signert i
oktober.
Nettstudium retta mot yrkeslivet
Prosjektet er eit samarbeid med andre
palestinske forskarar i Finland og Skottland, og ein kollega frå Tunisia.
Dei
har analysert svara frå over 500 palestinske studentar og akademikarar som har
deltatt i utdanningsinitiativet «Free Datacamp, Edx and Coursera memberships to
Palestinian Students and Academics».
Initiativet gir gratis tilgang til ei mengde nettkurs innan ulike fagdisiplinar. Det er ikkje ein del av det offisielle
utdanningssystemet i Palestina.
– Dette er ekstrakurs som er meir retta
mot yrkeslivet og skal hjelpe folk med å utvikle ferdigheiter som kan gi dei
fleire jobbmoglegheiter seinare, forklarer Awadallah.
I sommar var det over 13.400 som hadde søkt
om å få delta.
Livsfarleg læring
Men dei store øydeleggingane i Gaza gjer
det vanskeleg å få tilgang til straum og internett. Det gjer nettstudium svært
utfordrande.
– Dei få opne stadene med straum og
internett som finst, kan bli
bomba når som helst, seier Awadallah.
Studentane må dessutan betale for å få
tilgang til desse digitale knutepunkta. Det finst heller ikkje bilar eller
kollektivtransport, så dei må ofte gå i fleire timar for å komme dit.
– Svekka av svolt og tynga av uvissa om
kva framtida vil bringe, og medan dei førebur seg på å måtte flykte, fortsett mange likevel å ta
nettkurs. Det fortel oss kor sterkt ønsket om utdanning er.
Indre drivkraft
For å undersøke motivasjonen til
studentane, gav forskarane deltakarane eit spørjeskjema med faste
svaralternativ, basert på sjølvbestemmingsteorien
om menneskeleg motivasjon.
I tillegg var
det opne spørsmål der deltakarane kunne skrive fritt om kva som motiverte dei.
– Resultata viser at det ikkje er ytre
press, men ei indre drivkraft og eit personleg ønske om å lære, utvikle seg og
bidra som driv desse studentane, seier Awadallah.
Forskarane har funnet sju ulike former for
motivasjon.
– Fem av desse kjenner vi frå tidlegare
forsking, men to er nye og svært framståande i funna våre, seier Awadallah.
Sju former for motivasjon
Forskarane fann desse ulike typane motivasjon blant deltakarane i studien.
- Karriererelatert: Ønske om å forbetre jobbmoglegheiter og ferdigheiter.
- Krigsrelatert: Læring som motstand, håp og framtidsbygging.
- Trusbasert: Læring som ei religiøs plikt og meiningsfull bruk av tid.
- Akademisk: Få kursbevis og halde seg fagleg oppdaterte for å bestå eksamenar og fullføre universitetsutdanning.
- Personleg: Sjølvutvikling, nysgjerrigheit og sjølvrealisering.
- Sosial: Ønske om å hjelpe samfunnet, familien og vere rollemodell.
- Affektiv: Kjenslemessige drivarar som håp, frykt for å miste ferdigheiter og skuldkjensle om ein ikkje nyttar seg av moglegheita.
Motstand og protest
Ei av dei nye motivasjonsformene handlar
direkte om krigen. Mange ser læring som ein måte å protestere på – som ein del
av motstandskamp mot krigen og okkupasjonen.
– Dei vil vere mentalt sterke og bidra til
å bygge opp landet etter krigen. For dei er utdanning ein måte å overleve og slåst
på og vise at dei ikkje gir opp, seier Awadallah.
Å studere gir ei kjensle av kontroll og
meining midt i kaoset, forklarer ho.
– Bombene kan falle når som helst, men desse
studentane seier: «Vi er her framleis.»
Trua som drivkraft
Den andre nye motivasjonstypen forskarane
fann, handlar om religion.
– Trua er viktig for mange palestinarar. Dei
trur Gud vil halde dei ansvarlege for korleis dei bruker livet sitt og at
innsatsen deira vil bli påskjønna, forklarer Awadallah.
Ho seier trua er avgjerande for mange
under krig fordi ho gir håp og meining.
– Koranen seier at vi er på jorda for å
bygge ho, og mange studentar ser det som si plikt mot Gud – også under krig – å
bidra til det gjennom utdanning.
Ikkje alle har moglegheita
Awadallah meiner det er viktig å ikkje
romantisere studentane som held fram med studiane under krigen.
– Det kan fortrenge alvoret. Vi vil vise
kva dei faktisk må ofre for å få tilgang til grunnleggjande rettar, og kor
viktig det er å få ein slutt på krigen.
Og sjølv om mange er motiverte, er det
langt frå alle som har høve til å studere.
– Fattigdom, ansvar for familie og mangel
på ressursar gjer det vanskeleg for mange å prioritere utdanning, seier
Awadallah.
I tillegg blir jenter ofte nedprioriterte
når ressursane er knappe, og kulturelle normer gjer det vanskeleg for kvinner å
bevege seg fritt og trygt til stader med straum og internett.
Hald håpet levande
Awadallah meiner det oppstår eit
urettferdig skilje mellom dei som kan ta utdanning og slik finne meining og håp
i tilværet, og dei som blir ståande igjen utan moglegheiter.
– Å nekte folk utdanning, er å ta frå dei
håpet, seier ho.
Skal vi oppfylle FNs mål om utdanning for
alle, må vi sikre at barn og unge får lære – også i krig, påpeker ho.
– Gaza er ikkje eit unntak, men ein spegel
som viser kor sårbare dei globale forpliktingane våre er.
Ho vil ha ambisiøs forsking, større
prosjekt og internasjonalt samarbeid.
– Vi må utvikle utdanningsmodellar som toler
krig – som inkluderer alle og held håpet levande. Først då viser vi at vi
meiner alvor med løftet om utdanning for alle, seier ho.
Referanse:
Aldahdouh,
Tahani mfl: Waiting for a Better Time Is a Waste of Time’:
Motivations of Learning Amid the Genocide in Gaza in Light of Sustainable
Development Goal 4. I: Hassoun, A. (redaktør): War on Gaza. Sustainable Development
Goals Series. Springer, 2025.
Les også disse sakene fra OsloMet:
forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER