Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.
Ny studie: Korte gåturar og mindre stillesitting gir lågare dødsrisiko
Å gå fem ekstra minutt kvar dag eller å redusere stillesittinga med ein halvtime kvar dag, reduserer dødsfall blant dei fleste vaksne.
Forskarane analyserte aktivitetsnivået til meir enn 135.000 vaksne i Norge, Sverige, Storbritannia og USA.
– Resultata våre viser at små endringar i fysisk aktivitet kan ha stor betyding for folkehelsa, spesielt for dei som er fysisk inaktive, seier professor Ulf Ekelund ved Institutt for idrettsmedisinske fag ved NIH.
Han er ein av forfattarane bak studien som er publisert i tidsskiftet «The Lancet».
Størst fordel for dei minst aktive
Den største fordelen var hos dei aller minst aktive i befolkninga, når dei klarte å auke aktiviteten sin med fem minutt kvar dag.
Moderat fysisk aktivitet, som å gå i eit jamt tempo på fem kilometer i timen i fem minutt ekstra kvar dag, er knyt til ei reduksjon på ti prosent i alle dødsfall for dei fleste vaksne.
– Eit eksempel kan vere om dei klarer å auke moderat aktivitet frå to til sju minutt kvar dag, seier Ekelund.
Generelt oppnår vaksne i studien, i gjennomsnitt, berre rundt 28 minutt med moderat intensitet dagleg.
For dei 20 prosent minst aktive av deltakarane kan det redusere seks prosent av alle dødsfall. Dei var aktive i snitt to minutt kvar dag.
Å redusere sittestillinga kan redusere dødsfall
Studien viser at å redusere stillesittinga med 30 minutt per dag kan redusere sju prosent av alle dødsfall.
Dette gjeld dei 80 prosent av befolkningen som er mest stillesittande, noko som tilsvarar 10 timar per dag.
For dei aller minst stillesittande vaksne kan det redusere rundt tre prosent av alle dødsfall. Dei har i snitt tolv timar med stillesitting per dag.
Tidlegare forsking på måling av fysisk aktivitet, har tyda på at også lett-intensitet aktivitet og redusert stillesitting, kan vere assosiert med lågare risiko for død. Det er altså ikkje berre moderat til sterk aktivitet, som å gå i moderat tempo, som verkar.
Likevel har den samla effekten av desse relativt små endringane på fysisk aktivitetsnivået ikkje blitt studert tidlegare.
Har analysert omfattande data
Forskarane brukte aktivitetsmålarar og stillesittande tid. Så estimerte dei kor mange dødsfall som potensielt kan førebyggast, gjennom små daglege auke i moderat til sterk fysisk aktivitet eller ved å redusere stillesittande tid.
Funna viser også at å auke aktiviteten med minst moderat intensitet i ytterlegare ti minutt dagleg er assosiert med ein reduksjon på 15 prosent i dødsrisikoen av alle dødsfall for dei fleste vaksne.
Dette kan vere å auke aktiviteten frå for eksempel to til tolv minutt per dag.
For dei minst aktive er reduksjonen estimert til ni prosent.
Ein times reduksjon i stillesitting blant fleirtalet av vaksne er knytt til ei reduksjon på 13 prosent i alle dødsfall. For dei minst aktive vaksne var reduksjonen på seks prosent.
Viktig bevis for helsefordelar av små endringar
Forskarane meiner at resultata gir verdifulle bevis for kor lite som skal til for å oppnå store helsefordelar, sjølv ved små endringar i fysisk aktivitet og stillesitting,
– Resultata skal ikkje tolkast som anbefalingar for einskilde individ. Dei er berekningar på kor mange dødsfall som mogleg kan bli unngått dersom alle inaktive i befolkninga auka aktiviteten sin med fem minutt per dag, seier professor Ulf Ekelund.
Dei understrekar også at det er behov for meir forsking som inkluderer aktivitetsmålarar i låginntektsland. Der kan alder, aktivitetsnivå og helseutfordringar vere svært forskjellige frå det som er undersøkt i denne studien.
Ekelund legg til at dette er ein observasjonsstudie. Det går ikkje å dra direkte årsakssamanhengar om at høgare grad av fysisk aktivitet direkte reduserer dødsrisikoen, sjølv om også mange tidlegare studiar støttar dette, forklarer han.
– Vi kan ikkje vere sikre på årsak-verknad. Men vi har justert for alder, kjønn, sosioøkonomisk bakgrunn, BMI, kroniske sjukdommar og røyking i analysane våre. Vi har også utelatt dei som døde i løpet av dei fyrste to åra, fordi dette kan tyde på underliggande sjukdom, seier Ekelund.
Referanse:
Ulf Ekelund mfl.: Deaths potentially averted by small changes in physical activity and sedentary time: an individual participant data meta-analysis of prospective cohort studies. The Lancet, 2026.
Les også disse sakene fra Norges idrettshøgskole:
-
100 dagar ute i kulde og utan forsyningar: Kva skjedde med musklane?
-
Menn får størst effekt av styrketrening, men det kan vere viktigare for kvinner
-
Knuser myte om artrose og trening: – Vi må slutte å bruke det ordet
-
– Jenter i lagidrett bør starte med styrketrening tidlegare
-
Det handler om mer enn plagsom erting og utskjelling: Over halvparten har opplevd dette i barne- og ungdomsidretten
-
Julia (27) har eit yrke nærmast ingen kvinner har